Henry Notakers Norsk Matportal
Vestnorsk Kulturakademi, Voss
Kurstilbod 2002/ 2003, Pensum , Søknadsskjema
MATKULTUR
VED VESTNORSK KULTURAKADEMI
Universitetet i Bergen/Vestnorsk kulturakademi
Tlf.
56 51 32 50, 56 51 71 70
For
nærare opplysningar om studiet:
Vestnorsk
kulturakademi
Stiftinga
Vestnorsk kulturakademi (VKA) er eit utdanningssenter og regionalt
kompetansesenter for tradisjons-kunnskap og kulturbasert næringsutvikling. Ei
av målsetjingane har vore å ta vare på den erfaringsbaserte, handlingsborne
kunnskapen i handverk, husflid og
andre bygdenæringar, og å vidareformidle slik kunnskap til nye generasjonar. I
samarbeid med Universitetet i Bergen er det
blitt utvikla tre delfagsstudium (kvar med to 5-vekttalsmodular) ved
kulturakademiet i Vestnorsk kultur- og tradisjonsformidling, Matkultur
og Drakt og samfunn. (Det vil ikkje bli undervist i faget Drakt og
samfunn 2002-03.)
Vestnorsk kulturakademi omfattar vidare verkstader for trearbeid,
vevstove og matverkstad (prøvekjøken), og tilbyd også kortare kurs i lafting,
grindbygging og andre handverksteknikkar, praktisk matlaging, brygging, ysting
m.m. Frå hausten 2001 og fram til 2004 driv VKA eit større matkulturprogram
der målet er utvikle eit konsept for kulturbasert næringsutvikling på matområdet,
der ein vil legge vekt på generelle og spesialiserte kurs for småskala-produsentar,
kommersiell nettverksdrift og utvikling av sertifiseringsordningar for
kulturbasert matproduksjon.
Matkulturstudiet
Vestnorsk
kulturakademi har i samarbeid med
Institutt for kulturvitskap og kunsthistorie (IKK), Universitetet i Bergen
etablert to 5-vekttals modular i matkultur, og blir nå gjennomført for
fjerde gong. Det faglege ansvaret for studiet ligg ved Institutt for
kulturvitskap og kunsthistorie (IKK) ved Universitetet i Bergen.
Vekttalsmodulane ved VKA er hittil
det einaste fast etablerte og kompetansegjevande vidareutdanningstilbodet på
matkultur-området innanfor cand.-mag.-systemet på universitetsnivå her i
landet. Frå hausten 2002 vil modulane inngå som studieemne i bachelorgraden i
kulturformidling ved Universitetet i Bergen.
Studiet skal gi ei innføring i matkultur ut i frå eit kulturhistorisk
og kulturteoretisk perspektiv, og drøftar
sambanda mellom den europeiske, den skandinaviske og den norske matkulturen. Ved
sida av å fokusere på konservering, tillaging og konsumering av
matvarene, legg ein i faget også vekt på tankar, idear, forestillingar
og holdningar til mat og måltid ein finn i ulike grupper i samfunnet. Dei
symbolske og rituelle sidene ved mat- og måltidskultur vil bli fokusert.
Undervisningsopplegget er forskingsbasert. Den pedagogiske grunntanken om
læring gjennom handling står sentralt. Undervisninga
inkluderer dermed også praktiske øvingar innanfor matkultur med
tradisjonsberarar og matfaglege
personar som formidlarar. Sjølv om studiet ikkje først og fremst er praktisk
innretta, gjev kombinasjonen teori og praksis ei djupare forståing av
samanhengane i lokal og regional matkultur.
Målsetjing
og målgrupper
Studentane
skal tileigne seg grunnleggjande kunnskapar om mat- og måltidskultur, og
gjennom jamførande studiar skal dei skaffe seg innsikt i kulturhistorie og
kulturteori.
Matkultur er eit utdannings- og vidareutdanningstilbod til alle med
interesse for matkultur i fortid og nåtid. Studiet rettar seg mot studentar ved
universitetet, lærarar i alle skoleslag, tilsette i museums-, hotell-,
restaurant- og næringsmiddelbransjen, næringsmiddelkontrollen og mot
etablerarar i landbruket som driv, eller som ønskjer å starte ei næringsverksemd
innanfor småskala matproduksjon,
Undervisning
og eksamen
Undervisninga
er konsentrert om fem samlingar i haustsemesteret
2002 (KUMAD 151)og fem samlingar i
vårsemesteret 2003 (KUMAD 152). Kvar samling går over 2,5 dagar
(onsdag-fredag), og omfattar 12-14 undervisningstimar.
Kvart halvår blir avslutta
med eksamen (5 vekttal/ 15 studiepoeng). Dei to modulane heng i hop, men blir ståande
med kvar sin karakter på vitnemålet.
Eksamen
i modul I, KUMAD 151 omfattar ei skriftleg obligatorisk oppgåve, før
ein 6-timars skriftleg eksamen.
Eksamen i modul II, KUMAD 152 omfattar ei skriftleg
semesteroppgåve (8-14 A4-sider med linjeavstand 1,5), og ein
munnleg eksamen. Karakteren på semesteroppgåva tel 2/3, munnleg eksamen
1/3. Frå hausten 2002 vert karakterskalaen
frå A til F nytta.
Praktisk
arbeid i matverkstaden og ekskursjonar
Utprøving
av tradisjonelle og nye matrettar vil foregå
i matverkstaden (prøvekjøkenet) ved Vestnorsk kulturakademi.
Det er også lagt inn kortare ekskursjonar i distriktet til småskala-produsentar
og verksemder knytta til matkultur. I modul II vil det i tillegg til dei
fem samlingane bli lagt inn eit ekstra tilbod om ein 4 dagars ekskursjon til
Grythyttan i Sverige, der vi m.a. besøkjer Måltidens Hus i Norden.
Kostnader
Studieavgift
kr 6000,- per semester (kr 12 000,- for KUMAD 151 OG 152). Utgiftene til
ekskursjonen til Sverige er rekna til ca kr 4000,- ( ikkje obligatorisk) og
kjem i tillegg. Småturar i distriktet går helst med privatbilar, slik
at deltakarane deler på kjøreutgiftene. Kompendium (ca. kr 350,-) blir selt
ved VKA. Studentane betalar for kaffi, rundstykke m.m. på samlingane og for
maten ved samkomer om kvelden. Størstedelen av råvarene som blir brukte i
matverkstaden, inngår i
kursavgifta.
Last update at notaker.com 17 JUN 2002.